27 Han rådde over Israel i førti år. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem.
28 Han døydde i høg alder og hadde nått sitt mål både i alder, rikdom og ære. Og Salomo, son hans, vart konge etter han.
29 Det som er å fortelja om kong David, frå fyrst til sist, det står skrive i årboka åt sjåaren Samuel, i årboka åt profeten Natan og i årboka åt sjåaren Gad.
30 Der er det òg fortalt om heile hans styre og alle hans storverk og om det som i hans tid kom over han og Israel og alle andre land og rike.