3 Og av di Guds hus er meg så kjært, vil eg gje det eg sjølv eig av gull og sølv, til bygningen, forutan alt det eg har samla til det heilage huset,
4 tre tusen talentar gull, gull frå Ofir, og sju tusen talentar reinsa sølv til å kle veggene i templet med.
5 Så vert det gull og sølv til det som skal vera av gull og sølv, til alt arbeid som skal gjerast av kunstnarhand. Kven er no viljug til å fylla hendene sine med gåver og koma til Herren i dag?»
6 Då kom dei viljug med gåver, både hovdingane for ættgreinene og Israels ættehovdingar, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og dei som hadde tilsyn med det arbeidet som vart gjort for kongen.
7 Fem tusen talentar og ti tusen dareikar gull, ti tusen talentar sølv, atten tusen talentar bronse og hundre tusen talentar jern gav dei til arbeidet på Guds hus.
8 Og dei som åtte dyre steinar, gav dei til skatten i Herrens hus, som Jehiel av Gersjon-ætta hadde tilsyn med.
9 Folket gledde seg over at alle gav så viljug. For med heil hug og av fri vilje kom dei til Herren med gåvene sine. Kong David òg var storglad for det.