9 Folket gledde seg over at alle gav så viljug. For med heil hug og av fri vilje kom dei til Herren med gåvene sine. Kong David òg var storglad for det.
10 Og David lova Herren framfor alle som var samla, og sa: «Lova vere du, Herre, du Gud åt Israel, far vår, frå æve til æve!
11 Deg, Herre, høyrer stordomen til og makta, æra, høgda og herlegdomen, ja, alt som er i himmelen og på jorda. Ditt er riket, Herre, og du er opphøgd over alt og har alt i di makt.
12 Rikdom og ære kjem frå deg, og du rår over alle ting. I di hand er kraft og styrke, og du har makt til å gjera alt stort og sterkt.
13 Så takkar vi deg no, vår Gud, og prisar ditt herlege namn.
14 For kven er vel eg, og kva er folket mitt, at vi skulle makta å gje så rause gåver? Nei, alt kjem frå deg; og det vi gjev deg, har vi fått frå deg.
15 Framfor ditt åsyn er vi framande og gjester, liksom alle fedrane våre. Som ein skugge er dagane våre på jorda og utan von.