1 Dette er dei sønene som David fekk i Hebron: Den fyrste son sin, Amnon, fekk han med Akinoam frå Jisre’el. Den andre, Daniel, fekk han med Abigajil frå Karmel.
2 Den tredje, Absalom, var son til Ma’aka, dotter til Talmai, kongen i Gesjur. Den fjerde, Adonja, var son til Haggit.
3 Den femte, Sjefatja, fekk han med Abital, og den sjette, Jitream, med kona si, Egla.
4 Desse seks sønene fekk han i Hebron, der han styrte i sju år og seks månader. I Jerusalem styrte han i trettitre år.