5 Dette er dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjima, Sjobab, Natan og Salomo – desse fire fekk han med Batseba, dotter til Ammiel –
6 Jibhar, Elisjua, Elifelet,
7 Nogah, Nefeg, Jafia,
8 Elisjama, Eljada og Elifelet, ni i talet.
9 Alle desse var sønene til David. Dessutan hadde han søner med fylgjekonene sine. Og Tamar var syster deira.
10 Son til Salomo var Rehabeam, hans son Abia, hans son Asa og hans son Josjafat.
11 Hans son var Joram, hans son Akasja og hans son Joasj.