11 Kelub, bror til Sjuha, fekk sonen Mehir, han som vart far til Esjton.
12 Og Esjton fekk sønene Bet-Rafa, Paseak og Tehinna, han som vart far til Ir-Nakasj. Dette var mennene frå Reka.
13 Sønene til Kenas var Otniel og Seraja, og son til Otniel var Hatat.
14 Meonotai fekk sonen Ofra, og Seraja fekk sonen Joab, som vart far til folket i Tømmermannsdalen; dei var tømmermenn.
15 Kaleb, son til Jefunne, hadde sønene Ir, Ela og Na’am, og son til Ela var Kenas.
16 Sønene til Jehallelel var Sif, Sifa, Tirja og Asarel.
17 Sønene til Esra var Jeter, Mered, Efer og Jalon. Jeter vart far til Mirjam, Sjammai og Jisjbak, far til Esjtemoa.