12 Og Esjton fekk sønene Bet-Rafa, Paseak og Tehinna, han som vart far til Ir-Nakasj. Dette var mennene frå Reka.
13 Sønene til Kenas var Otniel og Seraja, og son til Otniel var Hatat.
14 Meonotai fekk sonen Ofra, og Seraja fekk sonen Joab, som vart far til folket i Tømmermannsdalen; dei var tømmermenn.
15 Kaleb, son til Jefunne, hadde sønene Ir, Ela og Na’am, og son til Ela var Kenas.
16 Sønene til Jehallelel var Sif, Sifa, Tirja og Asarel.
17 Sønene til Esra var Jeter, Mered, Efer og Jalon. Jeter vart far til Mirjam, Sjammai og Jisjbak, far til Esjtemoa.
18 Mered hadde ei kone frå Juda; ho fødde Jered, som vart far til Gedor, Heber, far til Soko, og Jekutiel, far til Sanoah. Mered fekk òg born med Bitja, dotter til farao, som han hadde gift seg med.