19 Kona til Hodia, som var syster hans Naham, hadde desse sønene: far til Ke’ila frå Garem og Esjtemoa frå Ma’aka.
20 Sønene til Sjimon var Amnon, Rinna, Ben-Hanan og Tolon. Sønene til Jisji var Sohet og Ben-Sohet.
21 Etterkomarane etter Sjela, son til Juda, var Er, far til Leka, Lada, far til Maresja, og dei ættene som høyrde til linvevar-lauget i Bet-Asjbea,
22 Jokim og mennene i Koseba, Joasj og Saraf, som hadde hatt eigedomar i Moab, men var komne heim att til Betlehem – etter gamle segner.
23 Dei var pottemakarar, desse folka, og budde i Neta’im og Gedera. Der heldt dei til hjå kongen og var i teneste hjå han.
24 Sønene til Simeon var Nemuel, Jamin, Jarib, Serah og Saul.
25 Son til Saul var Sjallum, son hans var Mibsam, og son hans Misjma.