37 og Sisa, son til Sjifi, som var son til Allon, son til Jedaja, som var son til Sjimri Sjemajason
38 – alle desse som her er nemnde med namn, var hovdingar i ættene sine, og ættgreinene deira breidde seg sterkt.
39 Dei drog av stad bortover mot Gedor, til austsida av dalen, og ville leita etter beite til småfeet sitt.
40 Og dei fann beite som var grasrikt og godt. Landet var romsleg og vidt, og det var stilt og roleg. Dei som budde der før, høyrde Kams-ætta til.
41 På den tid Hiskia var konge i Juda, kom dei som her er oppskrivne med namn. Dei gjekk laus på Kams-folka og meunittane som dei fann der, og bannstøytte dei. Så busette dei seg i landet, og har butt der til denne dag; for der var det beite for sauene deira.
42 Sidan drog fem hundre av Simeons-sønene til Se’ir-fjella. Leiarar på ferda var Pelatja, Nearja, Refaja og Ussiel, sønene til Jisji.
43 Dei slo i hel resten av dei amalekittane som hadde sloppe unna. Så busette dei seg der og har butt der til denne dag.