4 Penuel, far til Gedor, og Eser, far til Husja. Dei var sønene til Hur, eldste son hennar Efrata og far til Betlehem.
5 Asjkur, far til Tekoa, hadde to koner, Hela og Na’ara.
6 Med Na’ara fekk han sønene Ahussam, Hefer, Temeni og Ahasjtari. Dette var sønene til Na’ara.
7 Sønene til Hela var Seret, Jishar, Etnan og Kos.
8 Kos vart far til Anub, Hassobeba og til ættene åt Aharkel, son til Harum.
9 Jabes var meir vørd enn brørne sine. Mor hans gav han namnet Jabes. «For med verk og vande har eg født han,» sa ho.
10 Jabes kalla på Israels Gud og sa: «Å, om du ville velsigna meg, auka landområdet mitt og stø meg med di hand! Å, om du ville laga det så at eg slepp unna ulukke og liding!» Og Gud lét det gå som han bad.