40 Og dei fann beite som var grasrikt og godt. Landet var romsleg og vidt, og det var stilt og roleg. Dei som budde der før, høyrde Kams-ætta til.
41 På den tid Hiskia var konge i Juda, kom dei som her er oppskrivne med namn. Dei gjekk laus på Kams-folka og meunittane som dei fann der, og bannstøytte dei. Så busette dei seg i landet, og har butt der til denne dag; for der var det beite for sauene deira.
42 Sidan drog fem hundre av Simeons-sønene til Se’ir-fjella. Leiarar på ferda var Pelatja, Nearja, Refaja og Ussiel, sønene til Jisji.
43 Dei slo i hel resten av dei amalekittane som hadde sloppe unna. Så busette dei seg der og har butt der til denne dag.