8 Kos vart far til Anub, Hassobeba og til ættene åt Aharkel, son til Harum.
9 Jabes var meir vørd enn brørne sine. Mor hans gav han namnet Jabes. «For med verk og vande har eg født han,» sa ho.
10 Jabes kalla på Israels Gud og sa: «Å, om du ville velsigna meg, auka landområdet mitt og stø meg med di hand! Å, om du ville laga det så at eg slepp unna ulukke og liding!» Og Gud lét det gå som han bad.
11 Kelub, bror til Sjuha, fekk sonen Mehir, han som vart far til Esjton.
12 Og Esjton fekk sønene Bet-Rafa, Paseak og Tehinna, han som vart far til Ir-Nakasj. Dette var mennene frå Reka.
13 Sønene til Kenas var Otniel og Seraja, og son til Otniel var Hatat.
14 Meonotai fekk sonen Ofra, og Seraja fekk sonen Joab, som vart far til folket i Tømmermannsdalen; dei var tømmermenn.