12 Joel var den fremste mellom dei, så kom Sjafam, Janai, domaren i Basan,
13 og brørne deira, ættgrein for ættgrein: Mikael, Mesjullam, Sjeba, Jorai, Jakan, Sia og Eber, sju i talet.
14 Desse var sønene til Abihajil, son til Huri, son til Jaroah, son til Gilead, son til Mikael, son til Jesjisjai, son til Jakdo, som var son til Bus.
15 Aki, son til Abdiel Gunison, var hovding for ættgreinene deira.
16 Dei budde i Gilead og Basan og i småbyane der ikring, og på alle beitemarkene i Saron, så langt dei rakk.
17 Dei vart alle oppskrivne i ættelister på den tid Jotam var konge i Juda og Jeroboam konge i Israel.
18 Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta var djerve menn, som bar skjold og sverd, spente boge og var opplærte til krig. Dei var 44 760 våpenføre menn.