21 Dei tok med seg feet åt fienden: femti tusen kamelar, to hundre og femti tusen sauer, to tusen esel, og dessutan hundre tusen menn og kvinner.
22 Det hadde vore eit stort mannefall; for denne krigen var frå Gud. Sidan budde dei der i landet heilt til dei laut fara i fangenskap.
23 Den eine halvparten av Manasse-ætta budde i Basan-landet, radt opp til Ba’al-Hermon og Senir – det er Hermon-fjellet. Og dei vart talrike.
24 Dette var hovdingane for ættgreinene deira: Efer, Jisji, Eliel, Asriel, Jeremia, Hodavja og Jakdiel. Dei var djerve krigarar og namngjetne menn, hovdingar for ættgreinene sine.
25 Men dei sveik sine fedrars Gud. I utruskap heldt dei seg til dei gudane som folka der i landet dyrka, dei som Gud hadde rudt ut for dei.
26 Då eggja Israels Gud assyrarkongen Tiglat-Pileser mot dei, han som dei òg kalla Pul, og han førte bort både Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta. Han tok dei til Halak, Habor, Hara og Gosan-elva, og der har dei vore til denne dag.