1 Jissakar hadde fire søner: Tola, Pua, Jasjub og Sjimron.
2 Sønene til Tola var Ussi, Refaja, Jeriel, Jakmai, Jibsam og Samuel. Dei var hovdingar for Tola-ættene og djerve krigarar. På Davids tid var dei, etter ættelistene deira, tjueto tusen seks hundre i talet.
3 Sonen til Ussi var Jisrakja og sønene til Jisrakja Mikael, Obadja, Joel og Jisjia; alle fem var dei ættehovdingar.
4 Til kvar ætt høyrde, etter ættelistene deira, flokkar av krigarar, trettiseks tusen; for dei hadde mange koner og born.
5 Brørne deira i alle Jissakars-ættene var òg djerve krigarar. I alt stod det åttisju tusen mann i ættelistene deira.
6 Benjamin hadde tre søner: Bela, Beker og Jediael.
7 Sønene til Bela var Esbon, Ussi, Ussiel, Jerimot og Iri, fem i talet. Dei var ættehovdingar og djerve krigarar. I ættelistene deira stod det tjueto tusen og trettifire mann.