12 Sjuppim og Huppim var sønene til Ir, og Husjim var son til Aker.
13 Sønene til Naftali var Jaksiel, Guni, Jeser og Sjallum; dei var sønene hennar Bilha.
14 Son til Manasse var Asriel, som han fekk med den arameiske fylgjekona si. Ho fekk ein son til, Makir, som vart far til Gilead.
15 Makir tok ei syster åt Huppim og Sjuppim til kone; ho heitte Ma’aka. Den andre sonen heitte Selofhad. Han hadde berre døtrer.
16 Ma’aka, kona til Makir, fekk ein son som ho kalla Peres. Bror hans heitte Sjeresj, og sønene hans var Ulam og Rekem.
17 Son til Ulam var Bedan. Dette var sønene til Gilead, son til Makir, som var son til Manasse.
18 Han hadde ei syster som heitte Hammoleket; ho fekk sønene Isjhod, Abieser og Makla.