15 Makir tok ei syster åt Huppim og Sjuppim til kone; ho heitte Ma’aka. Den andre sonen heitte Selofhad. Han hadde berre døtrer.
16 Ma’aka, kona til Makir, fekk ein son som ho kalla Peres. Bror hans heitte Sjeresj, og sønene hans var Ulam og Rekem.
17 Son til Ulam var Bedan. Dette var sønene til Gilead, son til Makir, som var son til Manasse.
18 Han hadde ei syster som heitte Hammoleket; ho fekk sønene Isjhod, Abieser og Makla.
19 Sønene til Sjemida var Akjan, Sikem, Likhi og Aniam.
20 Son til Efraim var Sjutelak, hans son Bered, hans son Tahat, hans son Elada, hans son Taham
21 og hans son Sabad. Forutan Sjutelak hadde Efraim sønene Eser og Elad. Dei vart drepne av nokre menn frå Gat som var fødde der i landet, då dei kom dit ned og ville rana feet deira.