21 og hans son Sabad. Forutan Sjutelak hadde Efraim sønene Eser og Elad. Dei vart drepne av nokre menn frå Gat som var fødde der i landet, då dei kom dit ned og ville rana feet deira.
22 Efraim, far deira, syrgde i lang tid, og brørne hans kom og ville trøysta han.
23 Sidan låg han med kona si, og ho vart med barn. Ho fekk ein son og kalla han Beria, fordi dette hende medan det var ulukke i huset.
24 Dotter hans heitte Sje’era. Ho bygde Nedre og Øvre Bet-Horon og Ussen-Sje’era.
25 Hans son var Refah, hans son Resjef, hans son Telah, hans son Tahan,
26 hans son Ladan, hans son Ammihud, hans son Elisjama,
27 hans son Nun og hans son Josva.