27 hans son Nun og hans son Josva.
28 Dei byane som Efraims-sønene åtte og budde i, var Betel med landsbyane som høyrde til, og i aust Na’aran, i vest Geser med landsbyar, og så Sikem med landsbyar, heilt til Ajja og landsbyane der ikring.
29 Sønene til Manasse rådde i Bet-Sjean og landsbyane som høyrde til, i Ta’anak, Megiddo og Dor, alle med landsbyar ikring. I desse byane budde etterkomarane etter Josef, son til Israel.
30 Sønene til Asjer var Jimna, Jisjva, Jisjvi og Beria; dei hadde ei syster som heitte Serah.
31 Sønene til Beria var Heber og Malkiel, han som var far til Birsajit.
32 Heber fekk sønene Jaflet, Sjomer og Hotam, og syster deira var Sjua.
33 Sønene til Jaflet var Pasak, Bimhal og Asjvat. Det var Jaflet-sønene.