3 Sonen til Ussi var Jisrakja og sønene til Jisrakja Mikael, Obadja, Joel og Jisjia; alle fem var dei ættehovdingar.
4 Til kvar ætt høyrde, etter ættelistene deira, flokkar av krigarar, trettiseks tusen; for dei hadde mange koner og born.
5 Brørne deira i alle Jissakars-ættene var òg djerve krigarar. I alt stod det åttisju tusen mann i ættelistene deira.
6 Benjamin hadde tre søner: Bela, Beker og Jediael.
7 Sønene til Bela var Esbon, Ussi, Ussiel, Jerimot og Iri, fem i talet. Dei var ættehovdingar og djerve krigarar. I ættelistene deira stod det tjueto tusen og trettifire mann.
8 Sønene til Beker var Semira, Joasj, Elieser, Eljoenai, Omri, Jeremot, Abia, Anatot og Alemet. Alle desse var sønene til Beker.
9 I ættelistene deira stod det tjue tusen to hundre mann, ættehovdingar og djerve krigarar.