8 Sønene til Beker var Semira, Joasj, Elieser, Eljoenai, Omri, Jeremot, Abia, Anatot og Alemet. Alle desse var sønene til Beker.
9 I ættelistene deira stod det tjue tusen to hundre mann, ættehovdingar og djerve krigarar.
10 Sonen til Jediael var Bilhan, og sønene hans var Je’usj, Benjamin, Ehud, Kena’ana, Setan, Tarsis og Akisjahar.
11 Alle desse var sønene til Jediael, ættehovdingar og djerve krigarar, sytten tusen to hundre mann som var budde til å fara i hærferd.
12 Sjuppim og Huppim var sønene til Ir, og Husjim var son til Aker.
13 Sønene til Naftali var Jaksiel, Guni, Jeser og Sjallum; dei var sønene hennar Bilha.
14 Son til Manasse var Asriel, som han fekk med den arameiske fylgjekona si. Ho fekk ein son til, Makir, som vart far til Gilead.