33 Ner fekk sonen Kisj, og Kisj var far til Saul. Saul fekk sønene Jonatan, Malkisjua, Abinadab og Esjba’al.
34 Son til Jonatan var Meribba’al, og Meribba’al fekk sonen Mika.
35 Sønene til Mika var Piton, Melek, Tarea og Akas.
36 Akas fekk sonen Joadda, og Joadda vart far til Alemet, Asmavet og Simri. Simri fekk sonen Mosa,
37 og Mosa fekk Bina. Hans son var Rafa, hans son Elasa og hans son Asel.
38 Asel hadde seks søner, og dette er namna deira: Asrikam, Bokeru, Ismael, Sjearja, Obadja og Hanan. Alle desse var sønene til Asel.
39 Sønene til Esjek, bror hans, var Ulam, den eldste, Je’usj, den andre, og Elifelet, den tredje.