1 Såleis vart alle israelittar innførte i ættelister, og dei er oppskrivne i boka om Israels-kongane.Folket i Juda vart bortført til Babylonia fordi det hadde bore seg trulaust åt.
2 Dei fyrste som slo seg ned i byane og tok over eigedomane deira, var vanlege israelittar og prestar, levittar og tempeltenarar.
3 I Jerusalem budde nokre av Juda-sønene, av Benjamins-sønene og av Efraims- og Manasse-sønene.
4 Det var: Utai, son til Ammihud, son til Omri, son til Imri, son til Bani, ein av sønene til Peres, son til Juda;
5 av Sjela-sønene: Asaja, den eldste, og sønene hans;
6 av Serah-sønene: Je’uel; brørne deira var i alt seks hundre og nitti mann;