11 Asarja, son til Hilkia, son til Mesjullam, son til Sadok, son til Merajot, son til Akitub, som var den øvste i Guds hus,
12 Adaja, son til Jeroham, son til Pasjkur, son til Malkia, og Masai, son til Adiel, son til Jaksera, son til Mesjullam, son til Mesjillemot, son til Immer,
13 og brørne deira; dei var alle hovdingar i ættgreinene sine, eitt tusen sju hundre og seksti i talet, menn som dugde vel til å gjera teneste i Guds hus.
14 Av levittane: Sjemaja, son til Hasjub, son til Asrikam, son til Hasjabja, ein av Merari-sønene,
15 og Bakbakkar, Heresj, Galal og Mattanja, son til Mika, son til Sikri, son til Asaf,
16 og Obadja, son til Sjemaja, son til Galal, son til Jedutun, og Berekja, son til Asa, son til Elkana, som budde i landsbyane åt Netofa-mennene.
17 Portvaktarane var: Sjallum, Akkub, Talmon, Akiman og brørne deira; Sjallum var den øvste av dei.