18 Dei står framleis ved Kongeporten, på austsida. Det er dei som held vakt i levittleirane.
19 Sjallum, son til Kore, son til Ebjasaf, son til Korah, og brørne hans, Korah-sønene, som høyrde til same ættgreina som han, gjorde vaktteneste ved dørstokkane i teltet, liksom fedrane deira hadde vakta inngangen til Herrens leir.
20 Pinhas, son til Elasar, hadde før i tida vore leiaren deira. Herren var med han.
21 Sakarja, son til Mesjelemja, vakta møteteltdøra.
22 Alle desse som var utvalde til å halda vakt ved dørstokkane, var i alt to hundre og tolv mann. Dei var oppskrivne i ættelister etter landsbyane sine. David og sjåaren Samuel hadde sett dei inn i tenesta fordi dei var pålitelege.
23 Dei og sønene deira skulle halda vakt ved portane til Herrens hus, ved teltbustaden.
24 På fire sider skulle vaktarane sjå etter portane: i aust, vest, nord og sør.