22 Alle desse som var utvalde til å halda vakt ved dørstokkane, var i alt to hundre og tolv mann. Dei var oppskrivne i ættelister etter landsbyane sine. David og sjåaren Samuel hadde sett dei inn i tenesta fordi dei var pålitelege.
23 Dei og sønene deira skulle halda vakt ved portane til Herrens hus, ved teltbustaden.
24 På fire sider skulle vaktarane sjå etter portane: i aust, vest, nord og sør.
25 Og brørne deira, som budde i landsbyane sine, skulle frå tid til anna koma og hjelpa dei i sju dagar.
26 Dei fire øvste portvaktarane gjorde støtt teneste. Dei var levittar. Sideroma og skattkammera i Guds hus hadde dei òg tilsyn med.
27 Om natta heldt dei seg kring Guds hus; for det var dei som skulle halda vakt og syta for at portane vart opna kvar morgon.
28 Somme av levittane hadde tilsyn med dei reiskapane som vart nytta i gudstenesta. Dei skulle telja dei både når dei bar dei inn, og når dei bar dei ut.