29 Og somme var sette til å ta vare på dei vanlege kara og dei heilage kara og kveitemjølet, vinen, oljen, røykjelsen og balsamoljen.
30 Men det var nokre av prestane som laga salve av balsamen.
31 Mattitja, ein av levittane, eldste son til Sjallum av Korah-ætta, var tiltrudd å ta seg av bakverket.
32 Og nokre av brørne deira frå Kehat-ætta hadde ansvaret for skodebrøda, som dei skulle leggja fram kvar sabbat.
33 Så var det tempelsongarane, ættehovdingar hjå levittane. Dei heldt til i sideroma; for dei laut gjera teneste dag og natt.
34 Dette var ættehovdingane hjå levittane, innførte som hovdingar i ættelistene. Dei budde i Jerusalem.
35 I Gibeon budde Je’uel, far til Gibeon. Kona hans heitte Ma’aka.