33 Så var det tempelsongarane, ættehovdingar hjå levittane. Dei heldt til i sideroma; for dei laut gjera teneste dag og natt.
34 Dette var ættehovdingane hjå levittane, innførte som hovdingar i ættelistene. Dei budde i Jerusalem.
35 I Gibeon budde Je’uel, far til Gibeon. Kona hans heitte Ma’aka.
36 Eldste son hans var Abdon. Så kom Sur, Kisj, Ba’al, Ner, Nadab,
37 Gedor, Akjo, Sakarja og Miklot.
38 Miklot fekk sonen Sjima. Dei òg budde saman med brørne sine i Jerusalem, midt for brørne.
39 Ner fekk sonen Kisj, og Kisj var far til Saul. Saul fekk sønene Jonatan, Malkisjua, Abinadab og Esjba’al.