7 av Benjamins-sønene: Sallu, son til Mesjullam, son til Hodavja, son til Hassenua,
8 og Jibneja, son til Jeroham, og Ela, son til Ussi, son til Mikri, og Mesjullam, son til Sjefatja, son til Re’uel, son til Jibnia,
9 og brørne deira, ætt for ætt, ni hundre og femtiseks i talet; alle desse mennene var hovdingar i ættgreinene sine.
10 Av prestane: Jedaja, Jojarib, Jakin,
11 Asarja, son til Hilkia, son til Mesjullam, son til Sadok, son til Merajot, son til Akitub, som var den øvste i Guds hus,
12 Adaja, son til Jeroham, son til Pasjkur, son til Malkia, og Masai, son til Adiel, son til Jaksera, son til Mesjullam, son til Mesjillemot, son til Immer,
13 og brørne deira; dei var alle hovdingar i ættgreinene sine, eitt tusen sju hundre og seksti i talet, menn som dugde vel til å gjera teneste i Guds hus.