1 Då Saul var død, og David var komen heim att etter at han hadde vunne over amalekittane, heldt han til i Siklag i to dagar.
2 Tredje dagen kom det ein mann frå Sauls leir med sundrivne klede og mold på hovudet. Då han kom fram til David, kasta han seg vørdsamt til jorda.
3 David spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Eg har rømt frå Israels-leiren.»
4 Då sa David til han: «Korleis har det gått? Fortel meg det!» Han svara: «Mennene rømde frå slaget, og mange av dei fall og miste livet. Saul og Jonatan, son hans, er òg døde.»
5 David spurde den unge guten som fortalde han dette: «Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er døde?»