10 Så gjekk eg bort til han og gav han banehogget, for eg skjøna at han ikkje kunne leva når han fall om. Eg tok diademet han hadde på hovudet, og ringen han bar på armen, og her kjem eg med dei, herre.»
11 Då tok David tak i kleda sine og reiv dei sund. Det same gjorde alle mennene som var med han.
12 Og dei heldt syrgjehøgtid over Saul og Jonatan, son hans, og over Herrens folk og Israels ætt, fordi dei var falne i slaget. Dei gret og fasta heilt til kvelden.
13 Så spurde David guten som hadde fortalt han dette: «Kvar er du frå?» Han svara: «Eg er son til ein innflyttar, ein amalekitt.»
14 Då sa David til han: «Korleis kunne du våga å leggja hand på Herrens salvevigde og drepa han?»
15 Og David ropa på ein av mennene sine og sa: «Kom hit og hogg han ned!» Mannen slo han i hel,
16 og David sa: «Du er sjølv skuld i din død. Din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg har drepe Herrens salvevigde.»