15 Og David ropa på ein av mennene sine og sa: «Kom hit og hogg han ned!» Mannen slo han i hel,
16 og David sa: «Du er sjølv skuld i din død. Din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg har drepe Herrens salvevigde.»
17 David kvad ein klagesong over Saul og Jonatan, son hans.
18 Og han sa at Juda-folket skulle læra denne songen, som vert kalla «Bogen». Han er oppskriven i «Boka åt den rettvise» og lyder:
19 No ligg din prydnad, Israel,drepen på dine haugar.Å, at krigarane er falne!
20 Fortel det ikkje i Gat,kunngjer det ikkje ¬på Asjkalons gater!Då ville filistarkvinnene ¬gleda seg,døtrene til dei uomskorne jubla.
21 De Gilboa-fjell!Gjev det aldri må falladogg eller regn på dykk!Gjev markene aldri ¬må bera fyrstegrøde!For der vart krigarars skjold ¬sulka med blod.Sauls skjold er ikkje smurt ¬med olje.