3 David spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Eg har rømt frå Israels-leiren.»
4 Då sa David til han: «Korleis har det gått? Fortel meg det!» Han svara: «Mennene rømde frå slaget, og mange av dei fall og miste livet. Saul og Jonatan, son hans, er òg døde.»
5 David spurde den unge guten som fortalde han dette: «Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er døde?»
6 Guten som kom med bodet, svara: «Det laga seg så at eg kom opp på Gilboa-fjellet. Der stod Saul og stødde seg til spydet sitt, medan stridsvognene og hestfolket trengde hardt inn på han.
7 Best det var, snudde han seg, og då han fekk sjå meg, ropa han på meg. Eg svara: Ja.
8 Så spurde han: Kven er du? Eg svara: Eg er ein amalekitt.
9 Då sa han til meg: Kom hit og drep meg! Det svimrar for meg, men enno er eg ved fullt medvit.