1 Ei tid etter bar det så til at kongen i Ammon døydde, og Hanun, son hans, vart konge etter han.
2 Då sa David: «Eg vil gjera vel mot Hanun, son til Nakasj, liksom far hans gjorde vel mot meg.» Så sende han nokre av mennene sine, som skulle trøysta Hanun i sorga over faren. Men då mennene åt David kom til ammonittlandet,
3 sa ammonitthovdingane til Hanun, herren sin: «Trur du det er fordi han vil æra far din at David sender folk som skal trøysta deg? Er det ikkje heller fordi han vil ransaka byen, speida han ut og så øydeleggja han, at han har sendt mennene sine hit?»
4 Då greip Hanun mennene til David. Han raka av dei halve skjegget, skar av dei halve klednaden heilt opp til baken og sende dei så frå seg.
5 Då David fekk vita kor stygt mennene hans hadde vorte vanæra, sende han folk som skulle møta dei og seia frå kongen: «Hald dykk i Jeriko til skjegget dykkar har vakse ut att. Så kan de koma heim.»
6 Ammonittane skjøna at dei hadde gjort David hatig på seg. Dei sende ut folk og leigde tjue tusen mann fotfolk av aramearane i Bet-Rehob og Soba, tusen mann av kongen i Ma’aka og tolv tusen mann frå Tob.