11 Så sa han: «Vinn aramearane over meg, må du koma meg til hjelp; og vinn ammonittane over deg, skal eg koma og hjelpa deg.
12 Ver djerv! Og lat oss vera uredde i striden for folket vårt og for byane åt vår Gud; så får Herren gjera som han tykkjer best.»
13 Så gjekk Joab og mennene hans til strid mot aramearane, og dei rømde for han.
14 Då ammonittane såg at aramearane tok på flòg, rømde dei òg for Abisjai og drog seg inn i byen. Då fór Joab heim att frå Ammon og kom til Jerusalem.
15 Aramearane såg at dei hadde tapt for israelittane, men dei samla seg att.
16 Hadadeser sende bod og baud ut dei aramearane som budde på hi sida av Eufrat. Dei kom til Helam, og Sjobak, hærføraren til Hadadeser, førte dei.
17 Då David fekk melding om det, samla han heile Israel, sette over Jordan og drog til Helam. Aramearane fylka seg mot David og gjekk til strid mot han.