14 Då ammonittane såg at aramearane tok på flòg, rømde dei òg for Abisjai og drog seg inn i byen. Då fór Joab heim att frå Ammon og kom til Jerusalem.
15 Aramearane såg at dei hadde tapt for israelittane, men dei samla seg att.
16 Hadadeser sende bod og baud ut dei aramearane som budde på hi sida av Eufrat. Dei kom til Helam, og Sjobak, hærføraren til Hadadeser, førte dei.
17 Då David fekk melding om det, samla han heile Israel, sette over Jordan og drog til Helam. Aramearane fylka seg mot David og gjekk til strid mot han.
18 Men aramearane laut røma for israelittane, og David drap mannskapet på sju hundre av stridsvognene deira og felte førti tusen mann. Sjobak, hærføraren, fekk òg sin bane der.
19 Då alle lydkongane åt Hadadeser såg at dei hadde tapt for israelittane, gjorde dei fred med dei og gav seg under Israel. Sidan torde ikkje aramearane hjelpa ammonittane meir.