6 Ammonittane skjøna at dei hadde gjort David hatig på seg. Dei sende ut folk og leigde tjue tusen mann fotfolk av aramearane i Bet-Rehob og Soba, tusen mann av kongen i Ma’aka og tolv tusen mann frå Tob.
7 Då David høyrde det, sende han Joab av stad med alle dei krigsvane mennene i hæren.
8 Så drog ammonittane ut og fylka seg framfor byporten. Men aramearane frå Soba og Rehob og mennene frå Tob og Ma’aka stod for seg sjølve bortpå marka.
9 Då Joab såg at fienden truga både framanfrå og bakanfrå, valde han ut ein flokk av dei beste stridsmennene i Israel og stelte dei opp mot aramearane.
10 Resten av hæren lét han Abisjai, bror sin, få hand over og fylka dei mot ammonittane.
11 Så sa han: «Vinn aramearane over meg, må du koma meg til hjelp; og vinn ammonittane over deg, skal eg koma og hjelpa deg.
12 Ver djerv! Og lat oss vera uredde i striden for folket vårt og for byane åt vår Gud; så får Herren gjera som han tykkjer best.»