9 Då Joab såg at fienden truga både framanfrå og bakanfrå, valde han ut ein flokk av dei beste stridsmennene i Israel og stelte dei opp mot aramearane.
10 Resten av hæren lét han Abisjai, bror sin, få hand over og fylka dei mot ammonittane.
11 Så sa han: «Vinn aramearane over meg, må du koma meg til hjelp; og vinn ammonittane over deg, skal eg koma og hjelpa deg.
12 Ver djerv! Og lat oss vera uredde i striden for folket vårt og for byane åt vår Gud; så får Herren gjera som han tykkjer best.»
13 Så gjekk Joab og mennene hans til strid mot aramearane, og dei rømde for han.
14 Då ammonittane såg at aramearane tok på flòg, rømde dei òg for Abisjai og drog seg inn i byen. Då fór Joab heim att frå Ammon og kom til Jerusalem.
15 Aramearane såg at dei hadde tapt for israelittane, men dei samla seg att.