14 Morgonen etter skreiv David eit brev til Joab og sende det med Uria.
15 I brevet stod det: «Set Uria lengst framme, der striden er hardast, og dra dykk attende frå han, så han fell og misser livet!»
16 Joab, som låg og vakta på byen, sette då Uria på ein stad der han visste det var sterke karar innanfor.
17 Mennene i byen drog ut og kom i strid med Joab. Nokre av krigarane til David fall, og hetitten Uria miste livet, han òg.
18 Joab sende ein mann til David med melding om korleis det hadde gått til i slaget.
19 Han sa til bodberaren: «Når du har fortalt kongen korleis det gjekk til i slaget,
20 kan det henda at han fyk opp og seier: Kvifor kom de så nær inn til byen i striden? De måtte då skjøna at dei ville skyta ned mot dykk frå bymuren!