16 Joab, som låg og vakta på byen, sette då Uria på ein stad der han visste det var sterke karar innanfor.
17 Mennene i byen drog ut og kom i strid med Joab. Nokre av krigarane til David fall, og hetitten Uria miste livet, han òg.
18 Joab sende ein mann til David med melding om korleis det hadde gått til i slaget.
19 Han sa til bodberaren: «Når du har fortalt kongen korleis det gjekk til i slaget,
20 kan det henda at han fyk opp og seier: Kvifor kom de så nær inn til byen i striden? De måtte då skjøna at dei ville skyta ned mot dykk frå bymuren!
21 Kven var det som drap Abimelek, son til Jerubbesjet? Var det ikkje ei kvinne som kasta ein kvernstein ned på han frå muren i Tebes, så han døydde? Kvifor gjekk de då så nær inn til muren? – Då skal du svara: Hetitten Uria, tenaren din, har mist livet, han òg.»
22 Så tok mannen ut og kom til David med den meldinga han hadde fått av Joab.