22 Så tok mannen ut og kom til David med den meldinga han hadde fått av Joab.
23 Han sa til David: «Fienden fekk overtaket på oss og drog ut på marka mot oss; men vi dreiv dei attende til byporten.
24 Då skaut bogeskyttarane på oss oppe frå muren, og nokre av mennene dine fall, konge. Ein av dei som miste livet, var hetitten Uria, tenaren din.»
25 Då sa David til bodberaren: «Sei til Joab at han ikkje skal ta seg nær av dette. For sverdet råkar snart den eine, snart den andre. Han skal berre halda fram med å strida mot byen og riva han ned. Bed han vera ved godt mot!»
26 Då kona til Uria fekk høyra at mannen hennar var fallen, heldt ho syrgjehøgtid over husbonden sin.
27 Men då syrgjetida var ute, sende David bod etter henne og henta henne heim til seg. Ho vart kona hans, og han fekk ein son med henne. Men det som David hadde gjort, var vondt i Herrens augo.