3 David sende bod og spurde seg føre om henne. Han fekk vita at det var Batseba Eliamsdotter, kona til hetitten Uria.
4 Så sende David folk og henta henne til seg; og då ho kom, låg han med henne. Ho hadde nett reinsa seg etter at ho hadde vore urein. Sidan gjekk ho heim att.
5 Men kvinna hadde vorte med barn og sende bod til David med dei orda: «Eg skal ha barn.»
6 Då sende David bod til Joab: «Lat hetitten Uria koma hit til meg!» Og Joab gjorde som kongen hadde sagt.
7 Då Uria kom, spurde David korleis det stod til med Joab og hæren, og korleis det gjekk med krigen.
8 Så sa han: «Gå no heim og vaska føtene dine!» Og då Uria gjekk ut frå kongsgarden, sende kongen ei gåve etter han.
9 Men Uria la seg i slottsporten saman med alle tenarane åt kongen; han gjekk ikkje heim til huset sitt.