6 Då sende David bod til Joab: «Lat hetitten Uria koma hit til meg!» Og Joab gjorde som kongen hadde sagt.
7 Då Uria kom, spurde David korleis det stod til med Joab og hæren, og korleis det gjekk med krigen.
8 Så sa han: «Gå no heim og vaska føtene dine!» Og då Uria gjekk ut frå kongsgarden, sende kongen ei gåve etter han.
9 Men Uria la seg i slottsporten saman med alle tenarane åt kongen; han gjekk ikkje heim til huset sitt.
10 Då David fekk vita at Uria ikkje hadde gått heim til seg sjølv, sa han til han: «Har du ikkje vore på reis? Kvifor har du ikkje gått heim til ditt eige hus?»
11 Uria svara: «Israelittane og judearane bur i lauvhytter, og paktkista har dei med seg. Joab, herren min, og mennene til kongen ligg i leir på open mark. Og så skulle eg gå heim og eta og drikka og liggja med kona mi? Så sant du lever, så sant det finst liv i deg: Det gjer eg ikkje!»
12 Då sa David til Uria: «Ver no her i dag òg! I morgon sender eg deg av stad att.» Så vart Uria verande i Jerusalem den dagen og dagen etter.