1 Så sende Herren Natan til David; og han gjekk fram for kongen og sa: «Det budde to menn i ein by. Den eine var rik og den andre fattig.
2 Den rike hadde småfe og storfe i mengd;
3 den fattige åtte ikkje anna enn eit einaste lite lam, som han hadde kjøpt og ale. Det voks til saman med borna hans, åt av maten hans, drakk av skåla hans, låg i fanget hans og var som ei dotter for han.
4 Ein dag kom det ein ferdamann til rikingen. Men han kvidde seg for å ta noko av sitt eige småfe eller storfe og laga til åt ferdamannen som var komen til han. Han tok lammet som fattigmannen åtte, og laga det til åt gjesten.»