10 Så skal då sverdet aldri vika frå huset ditt, sidan du har vanvørdt meg og teke kona åt hetitten Uria.
11 Så seier Herren: Sjå, eg lèt ulukke koma over deg frå di eiga ætt. Eg vil ta konene dine beint for augo dine og la ein annan mann få dei, og han skal liggja med dei midt på ljose dagen.
12 Du gjorde di gjerning i løynd, men eg vil la dette henda for augo på heile Israel midt på ljose dagen.»
13 Då sa David til Natan: «Eg har synda mot Herren.» Natan svara: «Så har òg Herren teke bort synda di; du skal ikkje døy.
14 Men fordi du gjorde dette og gav Herrens fiendar grunn til å spotta, skal den sonen du har fått, ikkje få leva.»
15 Så gjekk Natan heim att.Herren lét det koma ein hard sjukdom over det barnet David hadde fått med kona til Uria.
16 David bad til Gud for guten og fasta strengt. Når han kom heim om kvelden, la han seg på golvet, og der vart han liggjande heile natta.