12 Du gjorde di gjerning i løynd, men eg vil la dette henda for augo på heile Israel midt på ljose dagen.»
13 Då sa David til Natan: «Eg har synda mot Herren.» Natan svara: «Så har òg Herren teke bort synda di; du skal ikkje døy.
14 Men fordi du gjorde dette og gav Herrens fiendar grunn til å spotta, skal den sonen du har fått, ikkje få leva.»
15 Så gjekk Natan heim att.Herren lét det koma ein hard sjukdom over det barnet David hadde fått med kona til Uria.
16 David bad til Gud for guten og fasta strengt. Når han kom heim om kvelden, la han seg på golvet, og der vart han liggjande heile natta.
17 Dei øvste ved hoffet kom og ville få han til å reisa seg frå golvet; men han nekta og ville heller ikkje eta saman med dei.
18 Sjuande dagen døydde barnet. Men tenarane våga ikkje å fortelja David at guten var død; dei sa: «Når vi tala til han medan guten levde, ville han ikkje høyra på oss. Korleis skal vi då få sagt han at guten er død? Han kunne gjera noko fælt.»