19 Men David såg at mennene kviskra seg imellom, og han skjøna at guten var død. Så spurde han: «Er guten død?» Dei svara: «Ja, han er død.»
20 Då reiste David seg opp frå golvet, vaska og salva seg og skifte klede. Så gjekk han inn i Herrens hus, bøygde seg og tilbad. Då han kom heim att, bad han om mat. Det sette dei fram, og han åt.
21 Mennene hans sa til han: «Korleis er det du ber deg åt? Medan guten endå levde, fasta og gret du. Men no, når han er død, står du opp og et.»
22 Han svara: «Så lenge guten levde, fasta eg og gret. For eg tenkte med meg: Kven veit om ikkje Herren miskunnar seg over meg og lèt guten leva?
23 Men kvifor skulle eg fasta no når han er død? Kan eg vel henta han attende? Eg må ein gong fara dit han er, men han kjem aldri att til meg.»
24 David trøysta Batseba, kona si. Sidan gjekk han inn til henne og låg med henne, og ho fekk ein son som ho kalla Salomo. Herren heldt av han
25 og sende bod med profeten Natan. Han kalla guten Jedidja for Herrens skuld.