22 Han svara: «Så lenge guten levde, fasta eg og gret. For eg tenkte med meg: Kven veit om ikkje Herren miskunnar seg over meg og lèt guten leva?
23 Men kvifor skulle eg fasta no når han er død? Kan eg vel henta han attende? Eg må ein gong fara dit han er, men han kjem aldri att til meg.»
24 David trøysta Batseba, kona si. Sidan gjekk han inn til henne og låg med henne, og ho fekk ein son som ho kalla Salomo. Herren heldt av han
25 og sende bod med profeten Natan. Han kalla guten Jedidja for Herrens skuld.
26 Imedan gjekk Joab til åtak på Rabba i Ammon og tok Kongsbyen.
27 Så sende han bod til David og sa: «Eg har gjort åtak på Rabba og har teke Vassbyen.
28 Kall saman resten av folket, kringset byen og ta han! Elles kjem eg til å ta byen, og det er eg som får æra.»