24 David trøysta Batseba, kona si. Sidan gjekk han inn til henne og låg med henne, og ho fekk ein son som ho kalla Salomo. Herren heldt av han
25 og sende bod med profeten Natan. Han kalla guten Jedidja for Herrens skuld.
26 Imedan gjekk Joab til åtak på Rabba i Ammon og tok Kongsbyen.
27 Så sende han bod til David og sa: «Eg har gjort åtak på Rabba og har teke Vassbyen.
28 Kall saman resten av folket, kringset byen og ta han! Elles kjem eg til å ta byen, og det er eg som får æra.»
29 Då samla David heile hæren og fór til Rabba. Han gjekk mot byen og tok han.
30 Han tok krona av hovudet på kongen deira. Ho var av gull og vog ein talent; og ho var prydd med ein edelstein. No kom ho på Davids hovud. Han tok stort hærfang i byen og førte det med seg.