6 Og lammet skal han betala firdobbelt, fordi han gjorde dette og ikkje synte medkjensle.»
7 Då sa Natan til David: «Du er mannen! Så seier Herren, Israels Gud: Eg salva deg til konge over Israel og berga deg frå Sauls hand.
8 Eg gav deg huset åt herren din og konene hans i fanget ditt. Eg gav deg både Israels- og Juda-riket. Og var ikkje det nok, ville eg ha lagt til både det eine og det andre.
9 Kvifor har så du vanvørdt Herrens ord og gjort det som vondt er i Herrens augo? Hetitten Uria har du drepe med sverd; du lét ammonittane drepa han. Og kona hans har du teke og gift deg med.
10 Så skal då sverdet aldri vika frå huset ditt, sidan du har vanvørdt meg og teke kona åt hetitten Uria.
11 Så seier Herren: Sjå, eg lèt ulukke koma over deg frå di eiga ætt. Eg vil ta konene dine beint for augo dine og la ein annan mann få dei, og han skal liggja med dei midt på ljose dagen.
12 Du gjorde di gjerning i løynd, men eg vil la dette henda for augo på heile Israel midt på ljose dagen.»